FJORD OG FOSSEFALL

Padling

Med profesonelle guidar kan du føle deg heilt trygg og få nødvendig opplæring. Dette er ein fasinerande måte å møte naturen på. Kajakkpadling er faktisk lettare enn mange trur. 

Les meir om kajakk-padling her

 

RIB på Sognefjorden
Opplev noko av det beste norsk fjordlandskap har å by på! Med vind i håret, og til musikk frå stereoanlegget, glir du over indre delar av Sognefjorden i ein komfortabel RIB. Du får oppleve fjord, fjell og høge fossefall frå fjorden, samt høyre guiden fortelje nokre lokale historier frå området. Eitt av høgdepunkta er utsikta mot den 218 m høge Feigefossen. Vi gjer korte stopp undervegs for å nyte naturen, og er me heldige, kan nysgjerrige niser og kobbar dukke opp og helse på.
Varigheit: 1 time 10 minutt på fjorden

Les meir om RIB på Sognefjorden her