Matopplevingar

FRUKOST
Frukostbordet på BesteBakken er eit tverrsnitt av heimeproduserte og lokale råvarer, tillaga etter både gamle og nye oppskrifter. Her vert det servert alt frå heimelaga syltetøy til heimebaka brød og riska frukostblanding.

MIDDAG
Vi har komponert middagsrettar og dessertar som passar med den intime atmosfæren og særpreget på BesteBakken. Rettane er komponerte av lokale ingrediensar til ei heilaftans oppleving. Kvar rett vert presentert av vertskapet personleg. I tråd med vår matfilosofi deler vi gjerne det spennande som skjuler seg bak duft og smak. Hos oss gjer vi kvar middag til ein fest, og serverer dagens store smaksoppleving med tre til sju rettar. Bordet blir dekka med sølvbestikk og krystall. Vi har plass til 32 gjestar.

God drikke gjer matopplevinga komplett. Ein aperitiff skjerpar sansane, den rette vinen balanserer smaksopplevinga, og ein Cognac er ei verdig avslutning. Huset samlar på Cognac, og vi tek gjerne utfordringa med å finne den som passar best for deg. Vi har sjølvsagt også andre alternativ for dei som måtte ønskje det. Vi serverer øl frå lokale microbryggeri, og av alkoholfrie alternativ serverer vi lokal eplejuice av aromaeple, i tillegg til heimelaga råsafter.

FRÅ JORD TIL BORD
På BesteBakken står hagen sterkt i sentrum og vi brukar den aktivt både i middagen om kvelden og frukosten om morgonen. Ein smak av hagen gjer det muleg å nå nye dimensjonar i matopplevinga på BesteBakken. Er du heldig kan du også få servert lunsj i orangeriet som er reist i 2019.

LUNSJ
Måltida på BesteBakken er tilpassa heile dagen under eitt. Lunsjen skal komplettere frukosten og gi nok næring og energi til resten av dagen, men samtidig vere så lett at ein kan fortsette dagen med alle sansar vakne. Vi serverer ein 2-rettars varm lunsj som er smakfull og mettande.

 

Eit enkelt og godt alternativ til lunsj kan vere å smørje sin eigen nistepakke ved frukostbordet. Eitt av våre mange populære aktivitetstilbod er tur til Austedalsbreen, kombinert med stølsbesøk på Tungestølen og tradisjonell stølskost til lunsj.

Grønnsakshage

Urte- og krydderhage

Permakultur