Butikken

Vi utviklar eigne kremmar og produkt med utgangspunkt i både eigen urtehage og viltveksande plantar. I hudpleieprodukta finn du 11000 år gammal leire med dei finaste partiklane som Jostedalsbreen har slipt laus frå fjellet. Dei har vore lagra i Hafslovatnet gjennom mange tusen år.

På BesteBakken har vi ein flokk med alpakka-dyr. Difor vil du finne ein del produkt knytte til alpakka, som garn og suvenirar. 

På veggane i BesteBakken finn du originalkunst av ulike kunstnarar, både oljemaleri, keramikk, porselen og glas.