OPPLEVINGAR PÅ BESTEBAKKEN

Sykkel

BesteBakken har 12 elektriske syklar til utleige.

Alpakka


På beite like ved husa går både unge og vaksne alpakkaer. Dei er vane med å bli klappa, så ein kan studere dei på nært hald, og du kan også få mulighet til å vandre sammen med dei.

Hage

I hagen kan ein sjå og studere mange ulike urter og plantar. Vi har ulike hagar: Permakulturhage, grønsakhage, pallekarmhage, matskog, overlevingshage og «førstehjelpshage». Her kan du få inspirasjon, oppleving og gode stunder i lag med sommarfuglar og humler. Vi tilbyr kurs i permakultur.

Vi bruker hagen aktivt både i middagen om kvelden og frukosten om morgonen. Ein smak av hagen gjer det muleg å nå nye dimensjonar i matopplevinga på BesteBakken. Er du heldig kan du også få servert lunsj i orangeriet som vart reist i 2019.

Velvære

Du kan få avslappande stunder i hengekøye i hagen, eller nyte sola i solstolen på plenen, eller  slappe av badstova.

Kurs

På BesteBakken kan vi tilby mange ulike kurs. Emna dekkjer eit vidt spekter: Mat og urte, Vin, Cider, Hagevandring, Permakultur, Bokashi.