BesteBakken

BesteBakken ligg i vakre Luster i Sogn og Fjordane. Plassen er skapt og bygd rundt den originale Bestestova i «Bakken«, majestetisk plassert oppe i bakkane med utsikt over heile Hafslo. Her budde Ola Alme – «Besten«.

Etterkomarane Lindis og Odd Geir Alme har brukt den originale Bestestova som utgangspunkt for BesteBakken, som er bygd rundt det opphavelege huset. Den gamle Bestestova lever dermed vidare, i ei modernisert utgåve.

På denne måten kombinerer BesteBakken gammal kulturhistorie med moderne fasilitetar og ny teknologi. Plassen opna hausten 2001.

BesteBakken er teikna av arkitekt Geir Vetti. Interiørmessig har anlegget teke vare på det originale og gamle, og kombinert dette med ein nyare stil. På veggane heng bilde frå tidleg 1900-tal, ved sida av nyare kunst.

Lev hvert minutt hver time du er til
Ha gleden i ditt hjerte
La det vises i ditt smil
Mye blir borte og endres med tiden
Livet er nå, ikke siden

BesteBakken var opphaveleg eit småbruk som vart bygt opp av Ola Olson Alme. Han var fødd i 1885 og fekk eigedommen i medgift då han gifta seg med Brita Tang, dottera på garden Tang i Hafslo. Huset bygde han sjølv i 1910 då paret var nygifte. Ola og Brita fekk tre born, men berre to vaks opp. Ifølgje bygdehistoria var Brita den penaste jenta i Hafslo. Ho var fødd 12. mai 1889, og blei berre 29 år gammal. 

Åtte år etter at ho gifta seg med Ola, i september 1918, døde ho i spanskesjuka, og Ola blei sittande igjen som enkemann med to små born. Han gifta seg aldri igjen, men levde åleine på småbruket sitt resten av livet, heilt til han døde i 1964.

Ola reiste mykje på arbeid rundt i bygdene for å holde liv i seg og borna, og ungane budde mykje hos slektningar på garden Alme då dei var små. Dette fortel Svein Solheim og Per Tang, som hugsar godt korleis det var på BesteBakken då dei sjølve var born. Ola hadde ei tenestejente som hjelpte til på garden. I fjøset var det kyr, sauer, gris og høner, og vatnet måtte berast frå brønnen ute.

Elektrisk straum kom først etter krigen, i 1945. Garden hadde ikkje veg, så alt dei hadde bruk for måtte anten fraktast med hest eller berast til fots.