BREOPPLEVINGAR

Turar du seint vil gløyme i fantastisk natur rundt og på Jostedalsbreen. Turane vert arrangerte under trygge forhold, med erfarne guidar og profesjonelt opplegg. Du kan velje mellom Nigardsbreen, Austerdalsbreen og Bergsetbreen.

 

Nigardsbreen

NIGARDSBREEN ligg ved Fåberg i Jostedalen. Det går bilveg fram til vatnet, og du kan ta båten «Jostedalsrjupa» over. Resten av vegen fram til breporten må ein gå. Jostedal Breførarlag arrangerer guida turar og kurs i sommarhalvåret. Det gjer også Icetroll.

Breheimsenteret på Gjerde er informasjonssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark.

Austerdalsbreen

AUSTERDALSBREEN kan ein komme til frå Veitastrond på køyrbar veg 26 km til Tungestølen, og derifrå sti gjennom Austerdalen. Med førar kan ein oppleve der dei bratte brearmane Loke, Odin og Tor møtest og dannar den flatare Austerdalsbreen. Ein tur i stemningsfull og vill natur.
Ny og spektakulær DNT-hytte på Tungestølen.

Bergsetbreen

BERGSETBREEN ligg ved Bergset i Krundalen i Jostedalen. Frå P-plassen er det godt tilrettelagt tursti ca 4 km i flatt terreng til kanten av breen. Dette er den enklaste av breturane.