AKTIVITETAR I NÆROMRÅDET
NÆRE UTFLUKTER
Slinde Vingård
Ikkje langt unna BesteBakken kan du vitja noko så unikt som verdens nordligaste vingard!
Sykling
BesteBakken har 6 elektriske og nokre tradisjonelle syklar til utleige. Av lengre turar er det to som peikar seg ut: Hafslo – Veitastrond og Urnes – Skjolden.
Hafslo – Veitastrond
Det er 30 km frå Hafslo til Veitastrond, ein veg som byd på mange fine opplevingar. Etter Hafslovatnet kjem du inn i fuglefredingsområdet rundt Straumavatnet. I Soget kan du krype inn i jettegryta Jygrishola og utforske Soga-området. På Veitastrond kan du besøke produsentar av ost og geitekaramell. Her er også lefsebaking og bruktbutikk. Høgdepunktet er ein stølslunsj på Jarvamyri.
Urnes – Skjolden «Den romantiske vegen»
Dette er Sørsidevegen, vegen på sørsida av Lustrafjorden mellom Urnes og Skjolden. Strekninga eignar seg godt til sykkeltur, fint og flatt, men du må gjennom ein mørk tunnel. På denne turen kan du oppleve Urnes stavkyrkje, Urnes hjortefarm, Munthehuset og Feigefossen.
Molden
Det finaste utsiktspunktet i heile Luster, vert det ofte sagt om Molden. Her har du nydeleg utsikt til fjorden i alle retningar. Turen går i hovudsak på god sti i middels stigande terreng.
Du startar ved vegen til Mollandsmarki, akkurat i det vegen flatar ut etter oppstigninga frå krysset på riksveg 55. Like etter ferista tek du til venstre på skogsvegen, og følgjer den i om lag 300 m. Deretter til høgre på god sti, merka med raude punkt. Resten av turen opp går vekselvis på skogaveg og merka sti.
Svarthiller har flott utsikt utover fjorden, og mot Urnes på den andre sida. Herifrå flatar terrenget ut, og det er rimeleg lett fram til toppvarden på Molden, 1116 moh. Den aller finaste utsikta er nok på austsida, mot indre delar av Lustrafjorden.
Om sommaren kan ein tur til Molden ei skyfri natt vere ei oppleving. Ta med mat, drikke og varme kle, og sjå sola stå opp over Jotunheimen ca. klokka 4 om morgonen.
Tvangen
Går du rett opp frå BesteBakken kjem du til Tvangen. Det er veldig bratt, men desto meir effektiv trening. Tilbaketuren kan du gå via Bersetno og Alme og Lomheim, og vidare ut til Sandgotevegen og til BesteBakken. Dette er ein fin rundtur med flott utsikt over Hafslo. Turen tek ca 2 timar.
Det er også ei flott oppleving å sykle stølsvegen til Tvangen, forbi Alme og Bersetno.