STAVKYRKJER

Urnes stavkyrkje er den viktigaste kulturhistoriske attraksjonen i kommunen. Ho vart bygd tidleg på 1100-talet, og er dermed Norges eldste stavkyrkje.Kyrkja er spesielt kjend pga. treskjeringsarbeida og innvendig dekor, og nordportalen vert rekna som spesielt viktig. Kyrkja kom på UNESCOs verdsarvliste i 1979, saman med Røros.

Frå BesteBakken kan ein kome til Urnes med ferje frå Solvorn, eller med bil frå Skjolden på sørsida av Lustrafjorden. Det er ca 20 min. å gå frå ferjekaia på Urnes opp til kyrkja.

Borgund stavkyrkje, Lærdal, vart bygd i 1180-åra. Kyrkja er rekna som den best bevarte stavkyrkja i landet, og eitt av våre fremste nasjonale klenodium. 

Ligg ved E16 mellom Lærdalsøyri og Borlaug.

Hopperstad stavkyrkje, Vik, er frå ca 1150, og er interessant pga. blandinga av tidlege tilbygg og nyare restaurering. Dette er ei av fleire kyrkjer i Vik, og det finst truleg restar av ei eldre stolpekyrkje på tomta.