KUNSTFORMIDLING

BesteBakken er ein stad for kunst- og kulturformidling, og både bildekunst og annan kunst glir inn som ein naturleg del av miljøet. I salongar, stover, soverom og gangar heng oljemaleri, akvarellar, keramiske skulpturar og glaskunst.

Kunst har lange tradisjonar i Luster og Sogn. Distriktet var ein ynda tilhaldsstad for kunstnarar på 1800-talet, der dei store nasjonalromantikarane som blant andre J.C. Dahl, Fearnley, Tidemann og Gude let seg inspirere av landskapet. No har Bestebakken ope hus for samtidskunstnarar av i dag, og veggane er pryda av maleri, både kunst som BesteBakken eig, og bilde som er til sals.

Roy A. Dahl

er ein av kunstnarane på BesteBakken. Han er frå Langevåg ved Ålesund, og malar både landskap og motiv frå dagleglivet. I jakta på motiv samlar han inntrykk og «lagrar» dei, og deretter skildrar han daglegdagse situasjonar og storslått Vestlandsnatur med røffe penselstrøk og store fargeflater.

Jeg maler ofte mennesker i hverdagssituasjoner, som barn i lek, folk på kafé eller som går gatelangs.Da er figurene viktig, og hvordan de er plassert i bildet. Maler jeg landskap, er det abstraherte tolkninger av kjente landskap fra Vestlandet, fortel Roy A. Dahl.

 

Sara Reed: Keramikk
Ingun Dahlin: Keramikk
Merete Rein: Glas
Roy A. Dahl
Olan Harald Ulstein
Geir HansenTone Tingnæs
Vebjørn Aannø

 

Kunst på alle rom

 

Maleri og keramikk